Vest-Telemark Næringsutvikling AS
Vest-Telemark Næringsutvikling AS er det regionale næringsutviklingsselskapet i Vest-Telemark. Sidan 1995 har selskapet arbeida med regionale utviklingsprosjekt og oppgåver av næringspolitisk karakter. Som regionalt utviklingsselskap har selskapet eit særleg ansvar for å fremje regionens interesser. Dei siste åra har selskapet mellom anna vore ein aktiv aktør innan breibandutbygginga i Vest-Telemark.
Vest-Telemark Næringsutvikling AS (VTNU AS) står for drifta av Vest-Telemarkportalen, og har det redaksjonelle ansvar for innhaldet på sidene.
Vest-Telemark Næringsutvikling AS er eigd av Vest-Telemark Næringsbygg AS og bankane i regionen. Haldor Kaasin er dagleg leiar for selskapet.
Kontaktinformasjon ansatte
Vest-Telemark Næringsutvikling AS
Granlivegen 1A
3850 Kviteseid
Tlf. sentralbord: 35068400
Org.nr: 929.02.029