Regionale prosjekt

Vest-Telemark Næringsutvikling AS gjennomfører regionale prosjekt på ulike område. Prosjekta er initiert av regionrådet og kommunane i Vest-Telemark. Les meir om våre aktuelle prosjekt:


Breiband i Vest-Telemark

Det har vore ei omfattande breibandsutbygging i Vest-Telemark, og regionen har no nesten full dekning. Vest-Telemark Næringsutvikling AS er, i samarbeid med el-verka i regionen, prosjektleiar for denne utbygginga.


Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark

Det blir no jobba med rullering av Strategisk Næringsplan (SNP) for regionen. Vest-Telemark Næringsutvikling AS er prosjektleiar for planen, og SNP skal ut på høyring i oktober 09.


Haukelivegen AS

Haukelivegen AS har som føremål å arbeide for utbygging og standardheving av Haukelivegen (E-134) Drammen-Haugesund og viktige sidegreiner til denne. Børge Skårdal, som også er er tilsett i VTNU, er dagleg leiar for selskapet. For meir informasjon, sjå www.134.no.


Vi snur vinden - fleire folk til Vest-Telemark

Dette er eit treårig prosjekt for å auke folketalet i Vest-Telemark. Prosjektet skal drive aktiv marknadsføring av regionen mot potensielle fastbuande, og gjennom bygdelivsmeklaren skal det fylgje opp interessentar vidare.


Prøvebustader i Vest-Telemark

Vest-Telemark Næringsutvikling AS har koordineringsansvaret for å gjennomføre forstudie i kommunane i regionen. Det skal arrangerast workshops der ein undersøker moglegheitene for å starte opp eit prøvebustad-prosjekt i Vest-Telemark.

- No kan du bygge i Øyfjell - les artikkel her.


E-kommune 2012

Klikk her for å laste ned dokument



Portefølje

Rapportar